Vil du lære å ri eller friske opp i gamle ridekunster? 

Ridning er for alle!

Me her på Seljord Hestesenter tilbyr ridekurs for alle nivå. Me har alt frå nybegynnerkurs, lett øvet, øvet og vidaregåande. For å begynne på rideskulen må du ha begynt på skulen. Her finner du alltid ein gruppe på din alder, me har barne-, ungdom-, og voksenkurs. Rideskulen har undervisning mandag-torsdag om ettermiddagen/kvelden kvar veke. Ein rideskuletime varer i ein klokketime, da rir du og er med på puss og stell av hesten. Timene er varierte, du vil vera innom sprang, dressur, voltige, teori, turridning, feltritt m.m.

Me har både ponniar og hestar i rideskulen. Der finn du alt frå trygge og søte ponniar til erfarne og ridbare konkurransehestar.

Satsningsgruppar - for deg som vil litt meir! 

I tillegg til vanlege rideskuletimar tilbyr me satsningsgruppar i sprang og dressur. Det er for ryttere med egen hest/ponni som vil satse meir mot konkurransar.

Tilrettelagt ridning

Me tilbyr også tilrettelagt ridning for deg med spesielle behov. Da kan me tilby ridning på formiddagene. Det er bare å ta kontakt så ordner me eit skreddersydd opplegg kun for deg. 

      

For spørsmål eller påmelding er det bare å ta kontakt.